Det er fullført (Kjell Ivar Aase)

1 på lager


Det er fullført – ei musikalsk påskevandring.
Av Kjell Ivar Aase.

  • CD:
    Innspilt i Naustdal Kyrkje 2. april 2006.

        Solister:
        Marianne Juvik Sæbø – sopran
        Jostein Myklebust – tenor
        Ole Strøm – baryton

        Kor:
        divisi

        Utgitt av Creo-x AS, 2006

  • Notehefte:
    Notehefte for solister, blandet kor og instrumenter/besifring.

Forordet:
I mars 2002 markerte Sunnfjord Folkehøgskule i Førde sitt hundreårsjubilèum. Eg vart spurd om å lage ein konsert i høve jubilèet. Resultatet vart eit musikkverk som pr. definisjon kan kallast eit oratorium. Men eg vel å kalle det ei musikalsk påskevandring som på vel ein time tek oss gjennom påska fråpalmesundag til påskedag. Det vart urframført med eit felleskor frå Sunnfjord på 140 stk. 2.mars i Førde kyrkje.

Verket er i utgangspunktet skrive for kor, to solistar (sopran og baryton) og musikarar. Korsatsane er arrangert slik at det skal vere mogeleg for mange kor å bruke verket. Eg ynskte også å utfordre musikarar til å bli med inn i eit musikalsk landskap der dei får sjanse til å gi sitt bidrag til å fargelegge bodskapen. Difor er verket gjennomført med besifring. Enkelte satsar har likevel utskrive arrangement for cello og trompet.

2. april vart verket spelt inn live under konsert for CD-produksjon. Naustdal kyrkje vart nytta bl.a. for sin gode akkustikk. Her vart det brukt tre solistar og eit større utval av instrument enn tidlegare. CD-en kan brukast som døme på bruk av instrumentering ved dei ymse satsane. Utanom grunnkompet vil eg nemne gitar, saksofon og cello som viktige instrument i verket, men det er sjølvsagt fullt mogeleg å framføre verket med ei meir begrensa gruppe musikarar.

Som organist har eg fått fylgje Jesu inntog, lidingsveg og oppstode kvar einaste påske i mange år. Det er ei høgtid som betyr meir og meir for meg. Det er difor mitt ynskje at dette verket kan vere med å formidle denne storslåtte bodskapen på ein så sterk måte at det berører både den som framfører og den som lyttar.

For meg har det sjeldan vore større oppleving å få synge “Deg vere ære” enn når alle står og syng salmen som eit gjensvar på det som har vore framført.

Lukke til og ta gjerne kontakt om det er ynskjeleg.

Kjell Ivar Aase

Utgitt av Cantando Musikkforlag, 2006

Produktdetaljer:
Utgitt: 2006
Utgitt av: Creo-x AS / Cantando

Leveringstid:
Varer på lager: Normalt 1-7 virkedager
Flere enn antall på lager: 1-3 uker.

Pin It Fancy

Relaterte produkter