Trond Fykse: Ein fin dag

3 på lager


CD av pianisten/organisten Trond Fykse med meditativt og diakonalt preg.
Trond Fykse arbeider som organist i Masfjorden og er ellers frilansmusiker.

Albumet “Ein fin dag” har vorte arbeida fram dei siste to, tre åra. Albumet utgjer 11 instrumentalar der 9 av dei er heilt eller delvis komponert av Fykse sjølv. Musikken varierer frå nakne pianoinstrumentalar til fengande latinrytmar og melodiøs jazz. Den raude tråden i plata er meditativ.
Med seg på plata har han: Øystein Nybøe (Gitar) og Roald Kleiveland på tenor og altsaxofon.

I CD-foldaren skriv Trond:
”Ein fin dag”: Er det ikkje det vi ynskjer oss? Ikkje berre fint vær, men ha det godt med oss sjølv og menneska rundt oss. Livet skulle ikkje vera meir komplisert enn det. Men for mange vert livsvegen kronglete og motløysa bit seg fast. Gløym då ikkje draumen om “Ein fin dag”.

Mer info om Trond Fykse: www.trondfykse.no

Leveringstid:
Varer på lager: Normalt 1-7 virkedager

Pin It Fancy

Relaterte produkter