Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og diktning

Askøy Mållag

7 på lager


Diktaren og bonden Olav Lavik (1918-1996) var Askøy-mann fullt og heilt. Men i diktinga si tek han opp både lokale emne og universelle spørsmål. All sin dag levde han trufast på ættegarden på Sætre i Ask, der han dyrka både jord og ord.
Sjølv sa han: “Kall meg rimsmed og jordtræl”. Den skriftlege produksjonen hans spenner over lyrikk, skodespel, noveller, satire, viser, vers, prologar og det han sjølv kallar strofer og skisser. Den mangfaldige kunstnaren gav uttrykk for sterk naturkjensle, livsminne, kjærleik, venskap, livslyst, vemod, undring, protest, politisk kamp, rettferd og mykje humor.
Han let etter seg ein poetisk rikdom der andre kan henta inspirasjon, glede og trøyst. Vigleik Dyrøy har sett tone til fleire av dikta til Olav Lavik, og nokre av desse er spela inn av gruppa Demring på ein CD som er lagd inn bak i boka.
Med denne boka og plateutgjevinga vil Askøy Mållag heidra minnet om Olav Lavik og ta vare på og formidlag diktinga hans til publikum i dag og til komande generasjonar.
I boka er der dikt i utval, artiklar av Harald Clausen, Johannes Gjerdåker og Kjetil Berthelsen. Det er òg notar til tonesette dikt, laga av Endre Dåvøy, minnedikt og vakre illustrasjonar av Liv Eriksen.
Red. Vigleik Dyrøy.




Relaterte produkter


Få siste nytt og gode tilbud på e-post

Så slipper du å lure på hva du går glipp av av spennende informasjon fra oss!